Lunsjkurs med iteam

kvinnherad næringsserviceikon
iteam-logo-sort (002)
Kjære medlem i
Kvinnherad Næringsservice.

No er det berre få plassar igjen.
Pågrunn av at vi skal halda 1 meter avstand og følgja smittevernsreglene kan vi berre vera 20 stk til stades på Konferanserommet. Så ikkje vent med å melde deg på "Lunch kurs" hos KNS i lokala våre på Husnes 02.02.2022.
IDrift har skifta namn til iteam.
I det høvet vil dei spandera lunsj og kurs på alle KNS medlemmar denne dagen.
Lunch blir servert frå kl. 11.30

Kurset startar kl 12.00 og varer til kl 13.30
Kurset er gratis for medlemmene våre.
KR 300,- for ikkje medlemmer.
Sjå kursopplegget under og meld deg på omgåande.

Uten navn 1

Mats Tonning

Teknisk sjef

2

Gaute Lund

Senior Konsulent

3

Børge Kvamme

Salgsleder

Lunchkurs om IT-sikkerhet – unngå millionsmell

Ingen kan vera heilt trygg for dataangrep og svindelforsøk. Men med riktige verktøy og rutinar kan du redusera risikoen, og du kan redusera skaden dersom uhellet likevel skulle skje.

På dette kurset fortel erfarne IT-folk frå iteam om viktige rutinar som alle ha på plass for å vinna kampen mot svindlarar og hackarar. Kva gjer du når tilsette byrjar, og sluttar? Kva er «skugge-IT»? Kva gjer du for å unngå katastrofe dersom du likevel er uheldig? Dei kjem også med praktiske tips til korleis du kan gjera di verksemd sikrare. Korleis kan du handtera passord og pålogging på ein enklare og tryggare måte? Korleis kan dei tilsette betre identifisera svindelforsøk?