Regionalplan for attraktive senter i Hordaland (2015-2016):

«Planen har følgjande hovudmål: Hordaland skal ha eit nettverk av attraktive senter som fremjar livskvalitet, robust næringsliv og miljøvenleg transport. Sentera skal tilretteleggje for vekst i heile fylket.»
Hovudmål: Hordaland skal ha attraktive senter som fremjar livskvalitet, robust næringsliv og miljøvenleg transport. Sentera skal tilretteleggje for vekst i heile fylket.
* Sentera skal utformast slik at dei er attraktive å vere, bu og drive næring i.
* Sentera skal ha eit mangfald av tenester, arbeidsplassar, fritids- og kulturtilbod tilpassa senteret sitt nivå i senterstrukturen.
* Sentera skal vere attraktive for handel med handelsverksemd dimensjonert etter nivå i senterstrukturen.
* Sentera skal vere tilrettelagt for effektiv og miljøvenleg transport i, til og frå sentrum.