Presentasjon av Næringslos
Utdrag frå Grenda :
– Å gå ut og jakta ein næringslos i staden for ein dagleg leiar, trur eg var ein glimrande idé. Det å vera næringslos inneber så mykje meir enn dagleg leiar. Han skal finna retninga for næringslivet, og med Frode Hetlevik så trur eg at vi har funne personen som kan gjera det på best mogleg vis. Vi har store forventingar til at Frode skal ta det kvinnherske næringslivet breiare og fram, sa styremedlem Jan Petter Myhre før han presenterte Hetlevik i Aksen torsdag ettermiddag.
Stort nettverk
Og nettopp det at styret i næringsservice valde å gå for stillingstittelen næringslos, var med på å få Hetlevik interessert i jobben.
– Då eg såg stillingsannonsen var det nettopp namnet næringslos eg først la merke til. Det å vera los, det trigga meg skikkeleg. Eg diggar det ordet, seier han.
Hetlevik har ei lang karriere bak seg som gründer av firmaet Blomsterdekor AS. Gjennom det har han opparbeidd seg eit stort nettverk både lokalt i Bergen og nasjonalt. No er han klar for å gjera ein innsats med å losa næringslivet i Kvinnherad på rett veg.
– Med mitt store nettverk og min kompetanse så trur eg at eg kan bli ein ressurs for næringslivet i kommunen. Eg ser på jobben som både utfordrande og spennande, eg har mange idear til kva som kan og bør gjerast her. Eg ser ein del hol i det lokale næringslivet som vi skal prøva å tetta, seier Hetlevik.
Utdrag frå Grenda/Marius Tveit Nissestad 08.09.20