kvinnherad næringsserviceikon

Vi arbeider for våre medlemmar

 

KNS er ein medlemstyrt organisasjon som skal ha hovedfokus på næringsutvikling og service/rådgjeving til medlemmene. Ei anna viktig oppgåve er rådgjeving til etablerarar.

Følg oss på internett
Facebook og nettstaden vår skal halda deg som medlem orientert det som rører seg i KNS, næringsarbeidet lokalt, regionalt og nasjonalt. Me informerer om arrangement og saker som me arbeider med samtidig kan du søkja på bedrifter som er medlem hos oss.

Næringslunsj
Vi vil i første omgang arrangera minimum mellom tre og fem Næringslunsjar i året. Desse møta vil ta føre seg aktuelle tema eller presentasjon av våre medlemmer. Møta vil  bli haldne i lokala våre på Husnes frå kl.11.30 til omlag kl. 13.00. Det vert servert ein enkel lunsj. Vi ønksjer innspel til tema/ presentasjonar.

Tema-/medlemsmøter
I tillegg til Næringslunsj vil det bli lagt opp til tema-/medlemsmøter der aktuelle saker/tema vert presenterte. Møtestad og tema vert presentert i aktivitetskalender og invitasjon.

Kurs og seminar
KNS vil og tilby våre medlemmer aktuelle kurs og seminar. Her er det og ønskeleg med innspell frå medlemmene. Sjå aktivitetskalender

Rådgjeving

KNS tilbyr medlemmene bistand i samband med næringsrelaterte saker, og søknader om støtte frå ulike næringsfond, Innovasjon Norge m.m.

Næringspolitikk
KNS skal fremja utvikling av næringslivet og har m.a. følgjande føremål:

å betra rammevilkåra for næringslivet i Kvinnherad
å setja søkelys på saker og prosjekt som skal betra vilkåra for næringslivet i kommunen
fremja kompetanseutvikling i medlemsbedriftene, og arbeida for eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv
Kva kan vi hjelpe deg med?

hus blå

Kontorplass?

Hjå oss kan du leige kontorstad. Vi har fleire gode kontor, som inneheld det du treng for ein effektiv arbeidsdag

lyspæreblå

Har du ein ide?

Vi har kompetanse til å hjelpe deg med å få ein ide til bedrift.

bedrift2blå

Vidareutvikle di bedrift?

Veit du kva du vil, men ikkje korleis du skal nå målet? Vi kan hjelpe deg med å vidareutvikle di bedrift. Med gode samarbeidspartnarar, kan vi setja deg i kontakt med dei som har ekspertisen du treng.

medlem2blå

Verta medlem hjå oss?

Er du medlem hjå oss, vil du få tilgong på nyttige fordeler som vil gagna deg og di bedrift.