
Velkommen som sponsor av Newton-Kvinnherad
Ved å vera sponsor av Newton-Kvinnherad er ditt firma med på å utvikla Newton-lærarar og ressursar. Konseptet er utvikla for at barn og unge, i skule og barnehage, skal få best og størst mogleg læringsutbytte i tråd med læreplanen.
Målet er å etablera Newton-rom slik at fleire barn og unge får Newton-undervisning som ein del av sin skule-kvardag. Konseptet har stor spreiing også internasjonalt.
Med Newton-rom i Kvinnherad kommune bidrar ditt firma til at:
• skulane kan dela på dei gode realfagslærarane
• skulane kan dela på relevant og spennande utstyr
• Newton-Kvinnherad kan bidra til at lokalt næringsliv kan blomstra
• Kvinnherad Kommunen kan realisera korte og langsiktige planar
Kvifor sponsa Newton-rommet Kvinnherad?
- Gi noko av verdi tilbake til lokalsamfunnet
- Vere med på å skapa konkurransefortrinn for Kvinnherad
- Gi born, ungar og vaksne tilgang til spennande erfaringsbasert læring
- Skapa grunnlag for framtidig rekruttering
Newton Kvinnherad - innhald av sponsorpakkar:
- Namn og lenke til sponsorar eksponerast på nettstaden til Newton Kvinnherad (under «Samarbeidspartnere») – sjå eksempel på Newton Sunndal I tillegg til dette, vi kan tilby eksponering på flater som tavle i inngangen til Newton-rommet, på nettstaden til Kvinnherad Næringsservice, på Facebook- og Instagramsider, samt i presentasjonar av Newton-rommet Kvinnherad.
- Tilgang til eige arrangement i Newton-rommet, for eksempel 1-2 gongar i året, for fastsett gruppestørrelse.
- Strøartiklar for besøkjande til Newton-rommet. Sponsor kan bidra med strøartiklar med Newton og sponsorlogoar.
- Dersom Newton-rommet skal etter kvart ha salsannonsar i aviser til breiare publikum, eller eit arrangement ute, logoar til hovudsponsorar kan eksponerast i disse.
Avtalen kan innebera eingongsbeløp eller betaling over lengre periode, for eksempel 3 år. Dette gir betre føreseielegheit for Newton-rommet og sparar arbeid for begge partar. Sponsor betalar eventuelle kostnadar til materiell (for eksempel logo og strøartiklar) i tillegg.
Sponsorer Newton-Kvinnherad
Dersom du ønsker å bli sponsor kontaktar du:
Kvinnherad Næringsservice
Stabburshaugen 5
5460 Husnes
Frode Hetlevik
Næringslos Kvinnherad næringsservice Mobil: 907 60 787
E-post: frode@naeringsservice.no