kvinnheradkonferansen

Klima- og miljødepartementet kartlegg status for grøn omstilling i norsk næringsliv. FN har sine berekraftmål klart definert. Korleis skal ein omstille næringar innan: olje og gass, avfall og gjenvinning, skog- og tre næringa, byggeindustrien, næringseigedom, landbruk, mat og drikke, finans, næringstransport, handel, reiseliv, havbruk, prosessindustri og skipsfart ? 

Desse bransjane står for den største delen av direkte utslepp, og utgjer dei viktigaste direkte og indirekte utsleppskjeldene frå næringslivet i Noreg. Kva inneber det for deg som næringsdrivande i Kvinnherad kommune ? Dersom Noreg skal nå dei nasjonale klimamåla om 45 % utsleppskutt innan 2030, og å vera eit lågutslepp samfunn i 2050, blir det eit krav om radikal omstilling i dei fleste norske næringar. Med høg sysselsetjing, auka verdiskaping og reduserte utslepp, krev omstillinga eit høgt tempo allereie no. Tempovurderinga tar utgangspunkt i bransjane sine eigne vegkart for grøn omstilling. Kom og bli inspirert, auk kunnskapen din om kva dette kan innebera for deg og verksemda di.

Velkommen på Kvinnheradkonferansen Grøn omstilling i Næringslivet.

kvinnheradkonferansen berre ikon

Kvinnheradkonferansen 2021

Tema: Grøn omstilling i næringslivet

Tid: 22. september 2021.

Program 09.00 – 16.30  Middag kl. 18.30.

Stad: Kinosalen og festsalen i kulturhuset på Husnes.

Konferansier: Finn Tokvam

Program/ Tidsplan for dagen:

08.30 - 09.00      Registrering

09-00 – 09.10    Velkommen ved dagens konferansier -Finn Tokvam og næringslos-Frode Hetlevik

09.00 – 09.10     Grøn omstilling i Næringslivet -Opning ved Ordfører  -Hans Inge Myrvold

09.15 – 09.50     Parisavtalen, FN`s berekraftsmål og EU`s plan for et grønt Europa endre rammevilkåra for norske bedrifter, og  banken spelar ei viktig rolle i omstillinga. Kva betyr det i praksis framover -Marianne Groth

09.50 – 10.20     SKL si historie gjennom 75 år, og i eit framtidsperspektiv -John Martin Mjånes

10-20 – 10.35    Hydrogen Solutions A/S si Hydrogen satsning i Kvinnherad -Thor Henrik Hagen

 

10.35  – 10.50    Pause

 

10.50 – 11.20     Det nye industrieventyret - Hydros strategi for grøn industriutvikling i Noreg -Hans Petter Lange

11.20 – 11.35     Kvinnherad 2050 – Grøn, attraktiv og frisk -Ragnhild Bjerkvik

11.35 – 11.50     Eit hav av støtteordningar -Leif I. Husabø

11.50 – 12.05     Kva krev Kvinnherad kommune i anbod for å sikra grøn omstilling  -Grete Solheim

12.05 – 12.30     Eit moglegheitsstudie for Kvinnherad -Gro Jensen Gjerde

 

12.30-13.15        Lunsj

 

13.15 – 13.45      Berekraft og digitalisering i praksis innanfor bygg og annleggsbransjen -Arne Reinertsen

13.45 – 14.15      Framtidas matproduksjon i sjø  -Sebastian Torjusen  og  Vidar Hjartnes

14.15 – 14.45      Grenselause moglegheiter - Kompositt i det grøne skiftet -Kim Røssland

14.45 – 15.20      Pause med sidersmaking frå Sideklynga Hardanger

15.20 – 15.45      Berekraftig landbruk Olav Bleie, Kjetil Widding og Sjur Vågen.

15.45 – 16.15      Berekraftig bilbruk inn i det grøne skiftet -Espen Olsen -Leiar informasjonsavdelingen Toyota Norge.

16.15 -  16.40      Oppsummering og avrunding av konferansen med Ordfører, Næringslos, SKL Sjef,

Kommunedirektør i Kvinnherad Kommune, Næringssjef i Kvinnherad Kommune, Banksjef i Tysnes Sparebank

V/Finn Tokvam.

 

kvinnheradkonferansen berre ikon

Kveldsarrangement

 

18.30 – 19.00     Registrering, mingling

19.00 – 19.15     Velkomen, Finn Tokvam er kveldens vert.

19.15 –                   Tapas buffè

20.30 –                   Dessert

22.00                       Oppsummering og avrunding av arrangementet

Kveldens vert er Finn Tokvam. Kveldens musikkinnslag er ved Marion Woodseth. Det vert god tid til den uformelle praten samt kulturelle innslag ila kvelden

                                   

 

 

NB ! Dette dokumentet er eit levande dokument. Endringar av programmet kan skje.

hans inge myrvold (c) wikipedia

Hans Inge Myrvold

Ordførar frå Senterpartiet i Kvinnherad kommune sidan hausten 2019. Står på 3. plass på Senterpartiet si liste til stortingsvalet i haust.

Bilde-Frode

Frode Hetlevik

Næringslos hos Kvinnherad Næringsservice. Vår eigen medlemsstyrte organisasjon med hovedfokus på næringsutvikling og rådgjevning til våre medlemmar.

finn tokvam

Finn Tokvam – jobbar frilans som humorist, kåsør, program- og møteleiar, journalist, forfattar, tekstforfattar og artist, i spennet mellom journalistikk og rein underhaldning - gjerne samtidig.

 

Bilde Marianne Groth

Marianne Groth – konserndirektør for samfunn og berekraft i Eika Gruppen.  Marianne har blant anna bakgrunn frå ulike roller i Eika og som statssekretær ved Statsministerens kontor og i Finansdepartementet.

John Martin Mjånes møsevatn_SKL

John Martin Mjånes – administrerande direktør i SKL.  Han vil ta oss med inn i den 75 år lange historia til selskapet. Men hovudsakleg fortelja oss òg korleis åra framover handlar om teknologi og berekraft inn mot det grøne skiftet.

Thor Henrik Hagen

Thor Henrik Hagen Forretningsutviklar hos SKL. Han vil presentere Hydrogen Solutions A/S sin Hydrogen satsning i Kvinnherad

Hans petter lange

Hans Petter Lange – fabrikksjef hos Hydro Husnes, vil ta oss inn i Norsk Hydro si strategi for ei grøn utvikling i Noreg. Kva vil det seie for oss i Kvinnherad?  Bli inspirert av det mektige målet til industrigiganten inn i det grøne skiftet.

ragnhild bjerkvik linkedin

Ragnhild Bjerkvik – Kommunedirektør i Kvinnherad kommune sidan 2019, brei erfaring frå leiarstillingar i det offentlege samt styrearbeid i ein rekke selskap. Master i strategisk leiing.

Leif I Husabø

Leif I Husabø– Finansieringsrådgiver i Innovasjon Norge Vestland og jobber direkte med bedrifter og næringsliv, særlig innen industri/ energi og maritim bransje.

Grete solheim

Grete Solheim – Næringssjef i Kvinnherad kommune sidan februar 2020. Siviløkonom med erfaring frå prosessindustri og finans.

Gro Jensen Gjerde

Gro Jensen Gjerde – 23 års bakgrunn som dagleg leiar for samarbeidsrådet i Sunnhordaland. No er ho styreleiar i Kvinnherad Næringsservice og prosjektleiar for moglegheitsstudiet Grøn Næringspark.

arne reinertsen Linkedin

Arne Reinertsen – CEO I E.A. Smith AS. Selskapet er ein av dei leiande distributørane i landet av byggevarer, trelast, verktøy, stål, metall og arméring.

sebastian torjusen

Sebastian Torjusen dagleg leiar for Salmon Eye. Prosjektet er Eide Fjordbruk si satsning inn mot Turistnæringa i Kvinnherad.

Vidar Hjartnes ewos group

Vidar Hjartnes Samfunnskontakt for Eide Fjordbruk. Han vil fortelja om Eide Fjorbruk sin satsning for berekraftig matproduksjon i Kvinnherad.

kim røssland herde kompositt

Kim Røssland – dagleg leiar for Herde Kompositt og vil ta oss med på ein spannande reise inn i det grøne skiftet.

olav bleie innovasjon norge

Olav Bleie – eplebonde og sider-produsent. Hans visjon er at når du høyrer ordet Hardanger, tenker du først på sider, og så på fjord og fjell.

kjetil widding Linkedin

Kjetil Widding leiar for siderklynga i Hardanger. Sjølv i ekstra krevjande tider klarte siderklynga i Hardanger å skape eit heilt nytt turistkonsept – sidersafari i vakre Sørfjorden.

sjur vågen linkedin

Sjur Vågen – arbeider til dagleg som Content Marketing Manager hos VisitHardangerfjord -destinasjonsselskapet i hardanger-regionen.

Espen Olsen, Toyota Norge

Espen Olsen -Jobbar som leiar for informasjonsavdelinga til Toyota Norge, inkludert ansvart for miljø, bærekraft og hydrogensatsinga til Toyota i Norge.

marion woodseth1

Marion Woodseth Eit kortreist talent, like aktuelt- og ein sikker del av framtida. I desse tider pløyer Marion gjennom radiokanalar og forståsegpåarar. Berre møtt av unison hyllest, og eit publikum som smattar etter meir av same smak. Dette er notidas pop, framført med landets finaste dialekt.