kvinnheradkonferansen

GRØN OMSTILLING I NÆRINGSLIVET

22.09.2021 i Husnes Kulturhus.

Klima- og miljødepartementet kartlegg status for grøn omstilling i norsk næringsliv. FN har sine berekraftmål klart definert. Korleis skal ein omstille næringar innan:

  • olje og gass
  • avfall og gjenvinning
  • skog- og tre næringa
  • byggeindustrien
  • næringseigedom
  • landbruk
  • mat og drikke
  • finans
  • næringstransport
  • handel
  • reiseliv
  • havbruk
  • prosessindustri
  • skipsfart

Desse bransjane står for den største delen av direkte utslepp, og utgjer dei viktigaste direkte og indirekte utsleppskjeldene frå næringslivet i Noreg. Kva inneber det for deg som næringsdrivande i Kvinnherad Kommune. Dersom Noreg skal nå dei nasjonale klimamåla om 45 % utsleppskutt innan 2030, og å vera eit lågutslepp samfunn i 2050, blir det eit krav om  radikal omstilling i dei fleste norske næringar. Med høg sysselsetjing, auka verdiskaping og reduserte utslepp, krev omstillinga eit høgt tempo allereie no. Tempovurderinga tar utgangspunkt i bransjane sine eigne vegkart for grøn omstilling. Kom og bli inspirert, auk kunnskapen din om kva dette kan innebera for deg og bedrifta di. Velkommen på Kvinnherad-konferansen Grøn omstilling i Næringslivet.

Tysnes Sparebank logo_lokalbanken din
skl logo
kvinnheringen marknad
Vestlandsenergi_Logo_Rgb