Grøn Næringspark i Kvinnherad

Miljømedvit, kortreist kraft og industripreg er alle ingrediensar når ein grøn næringspark er i støypeskeia på Husnes.

 

– Me må utvikla all næring i kommunen, og me må få ungdommen til å etablera seg i Kvinnherad. Me skal skapa næringsparken for industrien, og han skal vera grøn. Ungdommane i Norge har streika for at me må tenka grønt i framtida, og dette er noko me tar på alvor. Eg som næringslos har tatt det signalet, seier Frode Hetlevik.

Den nytilsette næringslosen til Kvinnherad Næringsservice (KNS) er offensiv på vegner av den grøne næringsparken som er under planlegging.

– Me har eit mål om å dra grøn næring til regionen, og regionsenteret må ta posisjonen og bli plassen for det, meiner han.

1000 mål

Området det er snakk om ligg vest for fylkesvegen, strekkjer seg rundt to kilometer sørover frå avkøyrsla ned til Husnes Industriområde, og er på kring 500 mål totalt sett.

– Grøn næringspark er sett i gang av KNS, og kommunen støttar opp om dei. Me har sett på kva som må på plass for å få parken til, forklarer samfunnsutviklar Harald Maaland i Kvinnherad kommune.

På lista hans står:

-Regulert areal

– Ein har noko, men ikkje nok. Det vil Kvinnherad kommune gjera noko med, seier Maaland.

-Infrastruktur

– Det tek kommunen på seg hovudansvaret for å få bygd ut, seier samfunnsplanleggjaren.

-Kraft

– Me er ein kraftkommune. Hydro Husnes brukar mykje kraft, men sender også noko vekk. Ein ynskjer å bruka kortreist kraft til ny industri, og må få ut potensialet som er her. Me har meldt inn behov og ønske til Statnett, som planlegg ny trafo her. Kjernen i ideen er det grøne og miljøvennlege, og eg kan ikkje sjå at det finst andre næringsparkar som er grøne, legg Maaland til.

Samferdsle avgjerande

I tida framover kjem Hetlevik til å koma i kontakt med bedrifter som vil etablera seg i ein grøn næringspark. Samstundes vil han jobba intenst for å forbetra samferdsla til og frå Kvinnherad.

– Me må gjera det lett å reisa til og frå næringsparken, og det må bli enklare å få kompetanse inn. Me treng unge som vil flytta heim att, og då er samferdsle avgjerande. Sunnfast ser eg på som ein nøkkel for å få det til, og kollektivtilbodet må betrast, slår næringslosen fast, og er klar på at den grøne næringsparken må liggja innanfor ein pendleavstand på 45 til 60 minutt.

– Me lagar parken for å utvikla grøn næring i Kvinnherad. Dette er noko alle bør støtta opp om – uavhengig av kor ein bur, for det skaper nye arbeidsplassar for heile regionen. Det er heilt vesentleg for regionen at me får dette til, meiner Hetlevik.

– Dette er jo noko kommunen satsar på også. Det er så mykje som ligg til rette, at det berre er å få koordinert det. Ein har industriell infrastruktur på plass, det er overskotsvarme å henta, kai, gode vegar, sykkelavstand frå Husnes og området er allereie prega av industri. Denne reguleringsplanen er godt i rute, ja faktisk føre framdriftsplanen, smiler Maaland nøgd.

Kvalitet i alle ledd

Ambisjonane for den grøne næringsparken går utover Kvinnherad sine grenser.

– Det må vera kvalitet i alle ledd og det me gjer framover skal gjerast grundig. Det me ynskjer å skapa er innovasjon som går utover kommunegrensene, og gjerne over landegrensene også, seier Maaland.

Ein mogelegheitsstudie er i gang for å finna ut kva som kan passa inn i parken.

– Me ynskjer å sitja i førarsetet og losa bussen fram til målet, sluttar næringslosen.

haavard@grenda.no /www.grenda.no

Hovudsamarbeidspartner

Firmalogo med link til eigen nettside på KNS si heimeside.

Firmalogo* ved inngangspartiet til KNS på Husnes

Firmalogo øvst på alle nyhendepostar som vert sendt ut.

Roll up* i KNS sine lokale og på KNS sine arrangement.

Tekst: Hovudsamarbeidspartner ”Firmalogo”

Medarrangør på 1 stort arrangement kvart år.

Tekst: Hovudsamarbeidspartner ”Firmalogo”

Presentasjon på 1 møte pr år.

Tekst: Hovudsamarbeidspartner ”Firmalogo”

Prisen for å verta ein Hovudsamarbeidspartnar med KNS er kr. 50.000,- pr år.

**produksjon av profilmateriell er ikkje inkludert i prisen.