Galleri G. Guddal

Kvinnherad Næringsservice

Galleri G. Guddal

Det er ei glede for næringslósen å fortelja dykk at vi har fått Galleri G Guddal som nytt flott medlem i KNS. Var så heldig å få ein omvisning på galleriet. Det er ei "perle" vi har her i Kvinnherad. Tenk å vera så innovativ å starta eit Galleri innerst i ein dal på Seimsfoss, og lykkast så utruleg godt. Eg som jobbar med næringsutvikling i kommunen må takka for at det finst slike gründere som deg Gøril Guddal. Eg vart oppriktig stolt over å sjå det flotte prosjektet ditt, og at du vil vera med oss som medlem i KNS.
Når vi opnar opp samfunnet igjen etter Covid 19, skal vi alle samlast til eit arrangement hos deg. Eg gleder meg til det ! Velkommen som medlem Galleri G Guddal A/S
Eit "smykke" i Kvinnharad !
NB ! Dersom du ikkje allereie har vore der, må du ta turen dit så fort som mogleg !