Samarbeid skule - næringsliv: Møt skolen | |||||
| |||||
| Dei store endringane innan skulesektoren (jamførKunnskapsløftet) og i arbeidslivet generelt, krev eit tettare samarbeid for å få til gode og tenlege tilbod for barn og unge, både når dei er elevar og nårdei er lærlingar/ arbeidstakarar. Gjennom prosjektet KVV kompetanse har ein erfart at det er utfordrande å få til eit godt system for samhandling mellom arbeidslivetog skulesektoren. Samhandlinga er oftast avhengig av stort engasjement frå skulen si side, og tilsvarande engasjement frå inviterte personar frå arbeidslivet.
| |||||
| Ein visjon er at ein gjennom samarbeid får til å utvikla endringsdyktige, attraktive og internasjonale bedrifter i ein livskraftig region. Dette gjer ein best gjennom godt kvalifiserte arbeidstakarar, med høg grad av handlingskompetanse. Eit stikkord her er eit utdanningssystem som medverkar til positiv utvikling av industrien/ arbeidslivet. Det er viktig å ha fokus på gründerkulturen og samarbeid/ erfaringsutveksling nasjonalt og internasjonalt. Samtidig skapar eit tettare samarbeid mellom skule og næringsliv gjennom ”Møt skolen” ein arena kor elevar får høyre om teori i praksis samtidig som arbeidslivet får profilert seg inn mot skulesystemet. | |||||
Prosjektetskal undersøkja og leggja til rette for eit betre samarbeid mellom arbeidslivetog elevar i vidaregåande skular, med utgangspunkt i Kvinnherad. Prosjektet ”Møt skolen” skal tilby skulane kostnadsfrie føredragshaldarar frånærings-/ arbeidslivet,for å skapa innsikt i yrkeslivet, og inspirera til utdanningsval og entreprenørskap med utgangspunkt i læreplanen. | |||||
Målsetjingaer å skapa eit betre og rikare opplæringsmiljø for ungdom, og gjennom det betre kvalifiserte arbeidstakarar i arbeidslivet vårt. | |||||
Prosjektet skal ta i bruk ny teknologi for å vera kostnadseffektivt, og for å nå brukarar og tilbydarar utover tradisjonelle geografiske avgrensingar. Det skal vera medå gjere lærarane mindre avhengig av eige nettverk for å kunne nytta seg av gjesteforelesarar og samtidig belyse interessa frå arbeidslivet når det kjem til det å halda førelesningar i skulen. | |||||
Prosjektleiing: Kvinnherad Næringsservice Prosjektkoordinator: Marit Alvestad Kvamme (marit[at]naeringsservice.no) Prosjektmedarbeidar: Anita Øvstebø (aniovs[at]hfk.no) | |||||
| |||||
| Økonomi i ei etableringsfase | |
| Les meir | [08.05.2012] |
| Lokalmatsatsing i vest | |
| Les meir | [26.04.2012] |
| Ledig stilling som forretningsutviklar i KNS! | |
| Les meir | [19.04.2012] |
| Kvinnherad vaksenopplæring set opp nye kurs i grunnleggjande digital kompetanse og skriving/lesing | |
| Les meir | [23.03.2012] |
| Nyskapingskonferansen 2012 | |
| Les meir | [21.03.2012] |