Tenester

KN er ein medlemstyrt organisasjon som skal ha hovedfokus på næringsutvikling og service/rådgjeving til medlemmene. Ei anna viktig oppgåve er rådgjeving til etablerarar.
 

Internett
Den digitale møteplassen på Internett er eit nytt tilbod som skal halda deg som medlem orientert det som rører seg i KN, næringsarbeidet lokalt, regionalt og nasjonalt. Det vert ei omfattande nyhende- og informasjonsteneste der medlemmene kan presentera eigne saker og publisera pressemeldingar. Her får kan du søkja på firma, personar og relevante lokale og nasjonale heimesider som har markert seg med høg profesjonalitet.


Frukostmøter
Vi vil i første omgang arrangera minimum mellom tre og fem frukostmøte i året. Desse møta vil ta føre seg aktuelle tema av interesse for våre medlemmer. Møta vil vekselvis bli haldne i Rosendal og på Husnes frå kl.08:00 til omlag kl. 09.30. Det vert servert ein enkel frukost (rundstykke/kaffi/te). Vi ønksjer innspel til tema. 


Tema-/medlemsmøter
I tillegg til frukostmøta vil det bli lagt opp til tema-/medlemsmøter der aktuelle saker/tema vert presenterte. Møtestad og tema vert presentert i aktivitetskalender og invitasjon.


Kurs og seminar
KN vil og tilby våre medlemmer aktuelle kurs og seminarer. Her er det og ønskeleg med innspell frå medlemmene.

 

Rådgjeving

KN tilbyr medlemmene bistand i samband med næringsrelaterte saker, og søknader om støtte frå ulike næringsfond, Innovasjon Norge m.m. Med bakgrunn i dagleg leiar sin bakgrunn som personalsjef og bedriftsleiar, vil organisasjonen også også etter nærare avtale kunne utføre bistand i samband med personal- og bedriftsutvikling. 

 

Næringspolitikk
KN skal fremja utvikling av næringslivet og har m.a. følgjande føremål:

    • å betra rammevilkåra for næringslivet i Kvinnherad
    • å setja søkelys på saker og prosjekt som skal betra vilkåra for næringslivet i kommunen
    • fremja kompetanseutvikling i medlemsbedriftene, og arbeida for eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv
 
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Økonomi i ei etableringsfase
Les meir[08.05.2012]
Lokalmatsatsing i vest
Les meir[26.04.2012]
Ledig stilling som forretningsutviklar i KNS!
Les meir[19.04.2012]
Kvinnherad vaksenopplæring set opp nye kurs i grunnleggjande digital kompetanse og skriving/lesing
Les meir[23.03.2012]
Nyskapingskonferansen 2012
Les meir[21.03.2012]

Lenkjer

Utviklet av iDrift AS   20©06 Kvinnherad Næringsservice
Sidekart