Tenester for medlemmer |
| Informasjonsformidling og rådgjeving til medlemmene står sentralt i KN sitt arbeid, og er styrande for all aktivitet. |
| |
Servicesenter Administrasjonen i KN er eit servicesenter først og fremst for medlemmene, men vi veileder også andre som treng bistand i samband med etablering/oppstart av eiga verksemd.
|
| |
|
Gjennom tett og og fortløpande kontakt med bedrifter og medlemmer fanger vi opp saker og behov. Vi er ein 'koblingsinstans' mellom medlemmer og politiksk leiing, næringsliv og skule/høgare utdanning.
|
| |
|
Dei siste åra har vi hatt ein stor auke i antal førespurnader frå medlemmer som har behov for informasjon, råd og kontaktformidling. Administrasjonen må heile tida balansera mellom å yte service overfor medlemmene, samstundes som vi bruker ressurser på næringspolitiske saker.
|
| |
|
Servicen som KN tilbyr medlemmene er kostnadsfri, men organisasjonen må framover i større grad ta seg betalt for tenester/oppgdrag som vert utført for medlemmene utover ordinær medlemsservice. Dette vil vera naudsynt for å sikra ei tilfredsstillande lønsemd i organisasjonen. |
| |
| |
|
|
|