Nyhendearkiv |
 | 843 millionar frå besøkjande | | Besøkjande som vitjar Sunnhordland, legg tilsaman att kr. 843 millionar i løpet av opphaldet. Av desse går 600 millionar til varehandel. Desse tala kjem fram i ein rapport som Kaizen AS har utført for Samarbeidsrådet for Sunnhordland og tek utgangspunkt i tal frå 2009. |  | | Les meir | 13.10.2011 |
|
|
 | Gratis kurs i sjømatproduksjon | Ta fagbrev i SJØMATPRODUKSJON - gratis undervisning for vaksne Kurs i sjømatproduksjon tek til tysdag 18. oktober på Våge skule på Tysnes.
Kursdagar vidare vert torsdagar frå kl. 17.30 - 20.30, i eitt år framover. |  | | Les meir | 13.10.2011 |
|
|
 | Innvitasjon til Kvinnovasjonscafè i Kvinnherad | Vi ynskjer deg velkommen til kvinnovasjonscafè i Kvinnherad på Rosendal Turisthotell tysdag 18.oktober, kl 17.00-20.00
Kvinnovasjon er ein arena for gründerar, dei som har ein forretningsidè, dei som allereie driv for seg sjølv og dei som ynskjer å engasjera seg i næringsutvikling. |  | | Les meir | 12.10.2011 |
|
|
 | Kvinnherad Næringsservice var representert på samling i Fusa om Hordfast- ferjefri kyststamveg | Det var historisk sus over det nye Skjelbreid Poiree kurs- og konferansesenter torsdag 6. oktober 2011. På vegne av næringslivet i Samnanger, Kvam, Jondal, Odda, Kvinnherad og Fusa, skreiv representantar frå næringslivsorganisasjonane i desse kommune under høyringsuttale til Konseptvalutgreiing E39 Aksdal – Bergen. Det er fyrste gong desse organisasjonane har gått i samarbeid. Det er med på å understreka at ein ferjefri kyststamveg i høgaste grad også vil påverka næringslivet i midtre og indre strøk av Hordaland. Desse kommunane representerer 16 335 tilsette og 1380 bedrifter, så det er eit tungtvegande høyringsuttale som vert sendt til Statens vegvesen. |  | | Les meir | 07.10.2011 |
|
|
 | Informasjonsmøte om FoU og næringstiltak- UTSETT PGA FOR FÅ PÅMELDTE. Ny dato vil verta annonsert | Det finnes ei mengd ulike virkemidlar som bedriftene kan nytta seg av til sitt utviklingsarbeid. Dette er virkemidlar som er tilgjenglege gjennom fleire ulike instansar, og dei er retta mot ulike målgrupper, tiltak og prosjektformer. Dei har ulike krav til søknadsprosedyrar, innhald og rapportering.
Gjennom ei kartlegging i eit utval bedrifter kom det fram at fleire bedrifter har ynskje og behov for å auka sin kompetanse om dei virkemidlane som er tilgjenglege, og kva krav der er for innhald i eventuelle søknader til dei ulike programma. |  | | Les meir | 03.10.2011 |
|
|
|