Regionalt løft for lokal mat!

Klikk på bilete for full storleik
 


Hordaland er kanskje det viktigaste mat- og reiselivsfylket i landet, med ein stor, urban heilårsmarknad. Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfte fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid.

'Dersom kvinnheringane viser engasjement er det slett ikkje umogeleg at konferansen for Sunnhordland kan verta i Kvinnherad. No er det tid for å hoppa ned frå gjerdet og setja i gong' seier Gunnar Nagell Dahl

 
Inspirasjon i regionane
For å mobilisere eksisterande og nye aktørar og arbeide fram nye initiativ og produktidear, vil me gjennomføre 4 inspirasjonskonferansar i vår. Den fyrste skal av stabelen i Hardanger i mars. Konferansane vil bli lagt dit det er størst engasjement og trong og vilje til verdiskaping, i dei forskjellige besøksregionane i fylket; Voss, Hardanger, Nordhordland og Sunnhordland.

Kartlegging av interesse
Lokalmatåret i Hordaland startar med eit enkelt spørjeskjema. For å samla idear, bedrifter og interesserte, og for å gje konferansane eit aktuelt og inspirerande innhald:

  1. Er du på idestadiet og har ein smart produktide?
  2. Er du godt i gang og vil ta neste steg?
  3. Driv du verksemd og treng produktutvikling?
  4. Du har ei sterk verksemd og du vil auke marknaden?

No er sjansen til å teste ut idear og utforske draumar. Kanskje kan vi hjelpe deg i gang eller vidare på vegen? Svarer du på spørjeskjemaet, er du samstundes invitert til ein konferanse i din region. Vi tek kontakt med deg.

Interessert? Følg linken til spørjeskjema: https://docs.google.com/spreadsheet/viewform?formkey=dE5yMlZQWXktWUVlWjZGNllZZTd5Umc6MQ 

 
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Økonomi i ei etableringsfase
Les meir[08.05.2012]
Lokalmatsatsing i vest
Les meir[26.04.2012]
Ledig stilling som forretningsutviklar i KNS!
Les meir[19.04.2012]
Kvinnherad vaksenopplæring set opp nye kurs i grunnleggjande digital kompetanse og skriving/lesing
Les meir[23.03.2012]
Nyskapingskonferansen 2012
Les meir[21.03.2012]

Lenkjer

Utviklet av iDrift AS   20©06 Kvinnherad Næringsservice
Sidekart