Etablerarkurs i Sunnhordland 2012 |
|
| |
| Samarbeidsrådet for Sunnhordland har arrangert regionale etablerarkurs i fleire tiår. No vert kursa lagt opp slik at dei næringsansvarlege i kommunane får ei større, aktiv rolle i gjennomføringa av kursrekka. |
| |
|
| |
I Team Sunnhordland, som er eit nettverk mellom førstelinjetenestene i kommunane, Atheno AS og Samarbeidsrådet er det ein brei kompetanse som er viktig å nytta i heile regionen. Det er denne kompetansen som no skal nyttast til gjennomføring av etablerarkursa. Til dømes skal Silvia Tofte frå Kvinneherad Næringsservice undervisa i forretningsplan på etablerarkurset som skal haldast 6. og 7. mars. |
| |
Det er nødvendig å gjennomføra ei grundig planlegging før ein startar opp, og utarbeiding av ein forretningsplan er eit viktig verktøy . For dei som treng hjelp i oppstartsfasen kan etablerarkursa vera til god hjelp. |
| |
Det nye i år er at ein vil tilby kurs for dei som ikkje heilt har bestemt seg for å starta, men lure på kva det inneber å etablera seg, om forretningsideen er god nok eller andre spørsmål ein ofte stiller seg i denne fasen. Kurset ” Skal – skal ikkje” som vert arrangert 8 februar kan vera med på å finna svar på desse spørsmåla. |
| |
For dei som er kome eit steg vidare vil kurs innan forretningsplan, økonomikurs og marknads- og webprofileringskurs vera aktuelle. |
| |
Kursa er finansiert av Samarbeidsrådet, Hordaland fylkeskommune og gjennom deltakaravgift. |
| |
Meir informasjon og kursplan finn du her |
| |
Klikk her viss du ikkje vil ha nyhendebrev i framtida |
| |
| |
|
|
|