Bransjefrukost for bygg-, eigedom- og planbransjen | |||||
| |||||
| Onsdag 15. februar 2012 ønskjer Kvinnherad kommune velkomen til fagtreff med fokus på regelverk og aktuelle dokumentasjonskrav. Denne gangen vert samlinga på Rosendal Fjordhotel. | |||||
| I løpet av få år har vi opplevd store endringar i lover, reglar, verktøy, metodar og arbeidsformer innan arealforvaltinga. | |||||
| Vi ønskjer at Kvinnherad skal vere ein god kommune å bu, feriera og arbeide i. Byggebransjen, inkludert planleggjarar og eigedomsutviklarar, har ein nøkkelposisjon når dette målet skal realiserast. | |||||
| Skal Kvinnherad vera ein attraktiv kommune treng vi eit godt samarbeid mellom offentlege mynde og private aktørar innan arealplanlegging og eigedomsutvikling. | |||||
| Vi inviterer difor bransjefolk til ei uformell samling der målet er å formidla korleis kommunen jobbar med arealforvalting og å vidareutvikle samarbeidet med næringa. Det vert korte innlegg om ulike tema, og vi legg stor vekt på å få ein dialog kring dette. Tema denne gongen er «regelverk med noko attåt». Det vert informasjon og diskusjon om regelendringar og dokumentasjonskrav, men vi ønskjer også å informera om ulike nye prosjekt og tilbod til plan- og byggebransjen. | |||||
| Maten står på bordet frå kl. åtte. Klokka halv ni tek vi koppen og skjevo med og set oss for å høyra og diskutera plan-, bygg- og eigedomsnytt. | |||||
| Av praktiske omsyn ber vi om påmelding. Deltakaravgifta er kr. 300,- pr. person. Samlinga vert halde på Rosendal Fjordhotel. Påmelding til karin.thauland@kvinnherad.kommune.no eller tlf. 53 48 33 53 / 909 78 556 innan 8. februar 2012. I påmeldinga tek du med namn, e-postadresse, firmanamn og fakturaadresse til den/dei du melder på. Program for samlinga kan du lasta ned på lenka under denne artikkelen. Her er nokre smakebitar: - Nytt i byggteknisk forskrift - Reglar for landbruksbygg - Reglar for våtrom - Radonmåling og regelverk - Universell utforming - Krav til situasjonsplan - Rasfaredokumentasjon - Nye tilbod i www.fonnakart.no Vel møtt og godt nytt år! | |||||
| |||||
| Regionalt løft for lokal mat! | |
| Les meir | [08.02.2012] |
| Ein dags-seminar i sikring og oppgjer i samband med internasjonal handel | |
| Les meir | [27.01.2012] |
| Etablerarkurs i Sunnhordland 2012 | |
| Les meir | [16.01.2012] |
| Bransjefrukost for bygg-, eigedom- og planbransjen | |
| Les meir | [05.01.2012] |
| Etablerertilskot fra Innovasjon Norge | |
| Les meir | [04.01.2012] |