Årets julegåve til medlemsbedriftene våre: Lansering av Kvinnherad Næringsservice sin eigen Cv-database |
|
| |
Kvinnherad Næringsservice står bak utforminga av ein heilt ny cv-database for personar som er interessert i å få fast arbeid, oppdrag, sommarjobb, styreverv og prosjektdeltaking i Kvinnherad.
iDrift, Noreq, Norsafe og Umoe Schat Harding har vore med og delfinansiert databasen.
Cv-databasen er no opna, sjå www.cvdatabase.no
|
| |
I fyrste omgong vil dette vera eit tilbod til Kvinnherad Næringsservice sine medlemsbedrifter. |
| |
Enkeltpersonar kan laga ein profil der ein presenterer seg sjølv. Bedriftene vil kunna søkja i cv-databasen etter eigna kandidatar til ledige stillingar. Cv-eigarane vil ha mogelegheit til å presentera seg sjølve med alle opplysningar fullt tilgjengeleg for dei bedriftene som har tilgong til databasen. Ein kan også velga å verta presentert delvis anonymisert. Anonymiseringa vil vera nyttig til dømes for personar som sonderer jobbterrenget, men som ikkje ynskjer å informera noverande arbeidsgjevar om dette. |
| |
Cv-eigarane vil få ein unik sjangse til å marknadsføra seg ovanfor bedrifter og kanskje verta tilbudt stillingar, prosjekt og oppdrag som aldri vert utlyst. Bedriftene vil få ein stor fordel ved at alle kandidatar som har valgt å legga inn cv i databasen er genuint interessert i arbeid i Kvinnnherad. Både bedrifter og cv-eigar vil vera meir synleg i denne cv-databasen samanlikna med bruk av større nasjonale aktørar. |
| |
| |
|
|
|