Folgefonnsenteret

Sparebanken Vest styrkar samarbeidet med Folgefonnsenteretog går inn med kr. 400.000 i prosjektmidlar. Beløpet skal nyttast i arbeidet med å få senteret realisert. 
 

Knut Førland som er prosjektleiar for Folgefonnsenteret, er svært glad for samarbeidsavtalen som no er inngått med Sparebanken Vest. Det at banken går inn med friske prosjektmidlar er svært viktig for framtida tilprosjektet, og gjer at ein kan setja inn vesentleg meir ressursar i arbeidetmed å få realisert Folgefonnsenteret.

 

Kvinnherad Næringsservice ser på Folgefonnsenteret som eit viktig prosjektet då dette gjev unike moglegheiter for spanande samarbeid mellom ulike instansar i kommunen, som for eksempel ein forskningsinstans og Kvinnherad vidaregåande skule. 

 

I ein periode kor mange verkesemder i kommunen slit med store utfordringar som medfører permiteringar og oppseiingar ser KNS også verdien av å få fleire statlege arbeidsplassar til kommunen. Det er også viktig å sjå på moglegheitane som kan koma ved at ein får eit av Europas fremste fagmiljø innan klimaforsking til å etablera seg i Rosendal.

 

Me ynskjer Folgefonnsenteret lykke til med det vidare arbeidet!

 
Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Ein dags-seminar i sikring og oppgjer i samband med internasjonal handel
Les meir[27.01.2012]
Etablerarkurs i Sunnhordland 2012
Les meir[16.01.2012]
Bransjefrukost for bygg-, eigedom- og planbransjen
Les meir[05.01.2012]
Etablerertilskot fra Innovasjon Norge
Les meir[04.01.2012]
Årets julegåve til medlemsbedriftene våre: Lansering av Kvinnherad Næringsservice sin eigen Cv-database
Les meir[22.12.2011]

Lenkjer

Utviklet av iDrift AS   20©06 Kvinnherad Næringsservice
Sidekart