Referat frå årsmøte 15-04-10

Klikk på bilete for full storleik
 
Årsmøte i Kvinnherad Næringsservice blei avholdt på Rosendal Turisthotell torsdag 15.april. Det var eit vel gjennomført møte med gode diskusjonar, spennande idear og etablering av nye bekjentskap. 
 
 
 

Referatfrå årsmøte i

KvinnheradNæringsservice

15.april2010

 
 
 

Stad: RosendalTuristhotell

Tidspunkt:kl. 19.00

 

Tilstades var representantar frå totalt 19 medlemsverksemder: Teigen Bygg, Mobilt Snadder, Brødrene Hjønnevåg AS, Rosendal Utvikling AS, KvinnheradElektro AS, Fjelberg Kraftlag, Energi Teknikk, Hellesøy Verft AS, Søral, Umoe SchatHarding Group AS, HMR Group AS, HMR Elektro AS, HMR Engineering AS, HMR HusnesAS, HMR Servicepartner AS, iDrift AS,  DnBNOR, Norsafe  Årsnes AS og Rosendal MarinaAS.

 

Årsmøtet vart leia av styreleiar Solveig  Aalde Bark.

 

Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.Innkallinga vart  send ut  med e-post og annonsert i Kvinnheringen.

 
 
Sak 1 Årsmelding for 2010
 

Styreleiar oppsummerte dei størstehendingane i 2009.

 

Årsmeldingavart samrøystes godkjend utan merknader

 

Sak2. Rekneskap og balanse for 2009

Styreleiar gjekk gjennom regnskapet ogpåpeikte samstundes at KNS hadde eit lite overskot i 2009.

 

Framleggettil rekneskap vart samrøystes godkjent utan merknader.

 

Sak3. Budsjett og medlemspengar

Styreleiar gjekk gjennom budsjettet.

 

Inga endring i medlempengar.

 

Framleggettil rekneskap vart samrøystes godkjent med ein merknad om auke i postenvedrørande medlemskontigent.

 

Sak4. Innkomne forslag:

a)      Kan bedrifter utenfor kommunen være medlemmer hvis deikke har næringsvirksomhet i kommunen?

Dethar ikkje vore tatt omsyn til dette tidlegare, då styret godkjenner medlemmene.Men nye aktivitetar viser til at det kan vera fornuftig å få ei avklaring pådette punktet. Årsmøtet gjev styret ansvar for å avklare kva som skal verapraksis.

 

Forslag  som kom fram på møtet:

-         Allekan vera medlem uavhengig av forretningsadresse

-         Medlemmenemå ha kontoradresse i kommunen

-         Barebedrifter frå kommunen har stemmerett

-         Behovfor ein definisjon om kva som er ei ”Kvinnherad bedrift”

 

b)       Kven bestemmer kven som kan ha linkpå heimesida til Kvinnherad Næringsservice?

-         Deter et redaksjonelt ansvar som ligg hjå næringssjefen og vil vera eit punkt å tamed vidare i forhold til det planlagde arbeidet med heimesida som vil bli satti gong etter at Tofte tiltrer i 100% stilling frå 1.juli 2010.

 

Sak5. Val

Valnemnda ved Gaute Lund og JorunnNordtveit la fram forslag  til styre,revisor og valnemnd.

Innstillingfrå valkomitéen

Følgjandestyremedlemer er ikkje på val, og har eitt år igjen av denne styreperioden:

Yngve Bryn(Vibe Reingjeringsservice)
Marit Hjønnevåg (Brødrene Hjønnevåg)
Hans Martin Hjelmeland (Umoe Schat Harding Group AS)

 

Eitstyremedlem var på val, men har teke attval for to år:
Solveig Aalde Bark (SØRAL)

 

Tostyremedlemer var på val, og skal supplerast:
Dag Handeland (Kvinvest)
Svein Arne Sæberg (Energi Teknikk)

 

I styrethar Solveig Aalde Bark vore leiar, Yngve Bryn nestleiar. Leiar og nestleiarvert vald for eitt år av gongen.

 

Vedtekteneseier at styret skal bestå av inntil seks medlemer.

 

Valkomitéen innstiltefølgjande nye styremedlemer:
Even Teigen (Teigen Bygg), vara
Beate Hannisdal (Mobilt Snadder), vara

 

Valkomitéen innstilte at Solveig Aalde Bark held fram som leiar, Yngve Bryn som nestleiar.

 

Valkomitéen innstilte LarsKroka som revisor.
               

EvenTeigen og Beate Hannisdal vart samrøystes vald som vara i KNS.

Solveig Aalde Bark og Yngve Bryn vart samrøystesvald til høvesvis styreleiar og nestleiar for 1 år. 

 
 

Revisor:

Lars J. Kroka, attval 1 år                                                                               

 

Valnemnd:

Gaute  Lund, iDrift AS, attval 1 år       

Jorunn Nordtveit, HMR Group AS, attval 1 år

Asbjørn Soltveit, RosendalUtvikling AS, ny 1 år

 

Samrøystesvedteke.

 

Avslutningsvis takka styreleiar  valkomiteen og dei avtroppandestyremedlemmene  for innsatsen . Styreleiaravslutta deretter årsmøtet og gav ordet til nytilsatt næringssjef Silvia Tofte.

 

Rosendal,   15.april2010

 

Silvia Tofte

Referent 

 
Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Folgefonnsenteret
Les meir[21.05.2010]
Referat frå årsmøte 15-04-10
Les meir[21.04.2010]
Bjerknessenteret for klimaforsking går inn som samarbeidspartnar i Folgefonnsenteret
Les meir[08.01.2010]
Med ønskje om eit godt år 2010
Les meir[17.12.2009]
Nye nettsider i Kvinnherad kommune
Les meir[11.12.2009]

Lenkjer

Utviklet av iDrift AS   20©06 Kvinnherad Næringsservice
Sidekart