Bjerknessenteret for klimaforsking går inn som samarbeidspartnar i Folgefonnsenteret

Folgefonnsenteret(Nye Folgefonna Nasjonalpark- og informasjonssenter) og Bjerknessenteret forklimaforsking (BCCR) har i dag inngått ein samarbeidsavtale. Det overordnamålet for samarbeidet er å etablera eit framståande senter for forsking,formidling og verdiskaping med sete i Rosendal. Hovudvekt vert lagt påaktivitetar knytte til klimaforsking med knyting til glasiologi, bruk avisbrear som klimaindikator m.v. Partane vil i fellesskap samarbeida om å sikragrunnlaget for etablering og drift av senteret, og arbeidsplassar i samband meddette. Det vil bli lagt til rette for faste forskar-, teknikar-, eller andrestillingar knytt til senteret. Formidling vil stå sentralt, dels gjennommellombels og faste utstillingar, og dels ved å tilby kurs og særskilt tilpassaprogram for skular m.v.
 

- Samarbeidet som no erinnleia med Bjerknessenteret er ein svært viktig milepæl for prosjektet, seierKnut Førland som er prosjektleiar for Folgefonnsenteret. Ting har tatt langtid, og utan det sterke engasjementet frå dei private samarbeidspartnarane medSunnhordland Kraftlag (SKL) i spissen, hadde prosjektet temmeleg sikkert vorelagt ned. Med Bjerknessenteret på laget har vi no stor tru på at vi skal klaraå koma i mål med Folgefonnsenteret. Dett

erein stor dag både for Kvinnherad og heile Folgefonnhalvøya.
 
- Folgefonna er ein svært viktig isbre i klimasamanheng, og det er få etablerteit senter for klima- og breforsking i Rosendal er særs interessant for oss,både som forskingsobjekt og som stad for formidling av klimakunnskap. Vi vil påbakgrunn for dette bidra aktivt til å få Folgefonnsenteret realisert så rasktsom mogleg, seier professor og direktør i Bjerknessenteret, Eystein Jansen. Hanhar stor tru på dette prosjektet.
 
Om Bjerknessenteret:
Bjerknessenteret er eit internasjonalt forskingssenter som forskar påklimaendringar og formidling av resultat på grunnlag av dette, og som tek del iutdanninga av yngre klimaforskarar. Senteret er det største i Norden med vektpå grunnleggjande naturvitskapleg kunnskap om klimavariasjonar og -endring ifortid, notid og framtid.
 
Om Folgefonnsenteret:
Folgefonnsenteret er enno på forprosjektstadiet. Det er eit samarbeidmellom Kvinnherad kommune, Hordaland fylkeskommune og private bidragsytarar medsikte på å reisa eit senter for forsking, formidling og verdiskaping med sete iRosendal. Senteret er også tiltenkt å vera nasjonalparksenter for Folgefonnanasjonalpark.
 

  

 
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Bjerknessenteret for klimaforsking går inn som samarbeidspartnar i Folgefonnsenteret
Les meir[08.01.2010]
Med ønskje om eit godt år 2010
Les meir[17.12.2009]
Nye nettsider i Kvinnherad kommune
Les meir[11.12.2009]
Pressemelding
Les meir[01.12.2009]
Økonomillustrator - samling 13. januar Stord
Les meir[26.11.2009]

Lenkjer

Utviklet av iDrift AS   20©06 Kvinnherad Næringsservice
Sidekart