Brev til Nærings- og handelsdepartementet | |||||
| |||||
| Kvinnherad Næringsservice har send brev til minister Trond Giske der vi uttrykkjer uro for Sør- Norge Aluminium AS sin situasjon | |||||
Nærings- og handelsdepartementet V/Trond Giske | |||||
Pb 8014 0030 Oslo | |||||
Husnes, 12.november 2009 | |||||
VEDKJEM SITASJONEN VED SØR–NORGE ALUMINIUM AS I KVINNHERAD | |||||
Kvinnherad Næringsservice syner til brevet frå Kvinnherad kommune dagsett 9.11.09 til Nærings- og handelsminister Trond Giske med ønskje om eit møte med departementet for å diskutere tilhøva ved hjørnesteinsbedrifta i kommunen. | |||||
Kvinnherad Næringsservice er ein sjølvstendig organisasjon oppretta av næringslivet i Kvinnherad kommune med føremål å bidra til næringsutvikling i kommunen. Vi har om lag 100 medlemsbedrifter med til saman 2900 tilsette. | |||||
Vi vil understreke næringsorganisasjonen vår ser, på lik line med kommunen, med stor uro på kva som og vil skje med anna næringslivet i kommunen og regionen dersom SØRAL får ytterlegare problem. Høge energiprisar og CO2- avgiftar er slik vi ser det hovudårsakene til den vanskelege situasjonen bedrifta har kome opp i, i til tillegg til redusert etterspørsel av aluminium. | |||||
Det er svært vanskelig for bedrifter i Kvinnherad som er underleverandørar til aluminiumsverket. I tillegg utgjer verftsindustrien som og går trongare tider i møte ein viktig næring i vårt distrikt. | |||||
Vi vil med dette brevet peike på dei alvorlege konsekvensane det vil få for regionen vår om aluminiumsproduksjon ved Sør-Norge Aluminium AS må halde fram med redusert produksjon. Vi ber departementet gjere det som står i deira makt for å ta grep i samband med situasjonen. | |||||
Med venleg helsing Kvinnherad Næringsservice | |||||
Karin Thauland Solveig Aalde Bark | |||||
| |||||
| |||||
| Ein dags-seminar i sikring og oppgjer i samband med internasjonal handel | |
| Les meir | [27.01.2012] |
| Etablerarkurs i Sunnhordland 2012 | |
| Les meir | [16.01.2012] |
| Bransjefrukost for bygg-, eigedom- og planbransjen | |
| Les meir | [05.01.2012] |
| Etablerertilskot fra Innovasjon Norge | |
| Les meir | [04.01.2012] |
| Årets julegåve til medlemsbedriftene våre: Lansering av Kvinnherad Næringsservice sin eigen Cv-database | |
| Les meir | [22.12.2011] |