|
Sitat Kvinnheringen 20.07.009: '– Dette stadfestar at Kvinnherad kommune har eit klart og tydeleg fokus på lokal næringsutvikling og entreprenørskap, seier spesialrådgjevar Torill Monstad i fylkeskommunen si strategi- og næringsavdeling.
I ei pressemelding heiter det at representantar frå den regionale partnarskapen, Hordaland fylkeskommune, fylkesmannen si landbruksavdeling og Innovasjon Noreg, var torsdag 16. juli på møte med Kvinnherad kommune for å diskutera Kommuneprosjektet. Resultatet vart at Kvinnherad, som første kommune i Sunnhordland, signerte ein samarbeidsavtale for å styrka satsinga på lokal næringsutvikling og entreprenørskap.
– Rådmann Trond Sætereng avbraut til og med ferien sin for å delta på møtet, noko som viser kor viktig kommunane, og ikkje minst Kvinnherad, meiner arbeidet med lokal næringsutvikling er, seier Monstad.
– Gjennom samarbeidsavtalen skal den regionale partnarskapen bidra til at kommunane skal verta endå betre til å arbeida med lokal næringsutvikling, og til å gjera livet enklare for etablerarane. Kommunane er det naturlege kontaktpunktet for etablerarane, og saman skal vi styrka kommunane sin kompetanse på etablerarrettleiing. Dette skal mellom anna skje gjennom eit høgskulekurs til hausten for dei som jobbar med etablerarrettleiing i kommunane.
I tillegg skal partnarskapen tilretteleggja for nettverk, kompetanseheving, felles nettside, samt eit meir koordinert regionalt samarbeid om entreprenørskap, fortel Monstad.
Voss var den aller første kommunen i Hordaland som signerte samarbeidsavtalen, med Kvinnherad på ein svært god andreplass. '
|