Industriinkubator i Kvinnherad |
| Kvinnherad Næringsservice (KNS) og Kvinnherad kommune har inngått eit samarbeid med Atheno om ein distribuert inkubator i Kvinnherad, kor KNS har ansvar for inkubatorleiinga. |
| |
| Atheno AS har ein industriinkubator i SIVA-nettverket. Inkubatoren driv rådgjeving og tilrettelegging for gründerar, etablerarar og bedrifter med nyskapningsprosjekt. Atheno gir hjelp i dei ulike fasane den enkelte er i. I tillegg til rådgiving tilbyr inkubatoren gunstige rammer for leige av kontor i eit attraktivt, spennande og sosialt miljø. |
| |
| Atheno AS har eit stort nettverk innan industri, offentleg- og privat næringsutvikling samt oppstarts- og gründerordningar. I tillegg er det interne nettverket i inkubatoren viktig ved at gründerane knyttar kontaktar seg imellom og deler erfaringar med kvarandre. Atheno nyttar aktivt heile sitt nettverk i arbeidet rundt inkubatoren. Dette er ein stor styrke for dei som vert etablert som inkubatorbedrift. |
| |
| Ved å stimulera til innovasjon og knoppskyting bidrar Atheno til etablering og utvikling av vekstkraftige bedrifter med utgangspunkt i den eksisterande industriverksemda som regionen representerer. |
| |
Kundane våre er:
- gründerar med eigenutvikla idear
- etablerarar
- bedrifter som ynskjer å gjennomføra knoppskytingsprosjekt
- bedrifter som ynskjer samarbeid i innovasjons- og omstillingsprosjekt
Atheno har ein breidt samansett eigarstruktur som sikrar god forankring både industrielt, politisk og ikkje minst mot utdanningssystemet. I tillegg bidreg SIVA og Hordaland Fylkeskommune med midlar til utvikling. |
| |
DISTRIBUERT INKUBATOR - Me tilbyr støtte og assistanse der du held til |
| |
| Dagens inkubatorsystem er i hovudsak etablert i byar eller på større tettstader. Dette har vore ei utfordring for gründerar som ynskjer å etablera seg i ein inkubator, men som pga. avstand må avstå frå det. Som ei løysing på problemet har det dei siste åra blitt utvikla eit distribuert inkubatorsystem. Ei slik inkubatorløysing kan vera organisering og nettverkssamarbeid mellom lokale kunnskapsaktørar, industri, høgskule og sentrale inkubatorar. Med denne arbeidsmodellen kan det etablerast lokale miljø som dreg nytte av kunnskapen, metodikken, kompetansen og nettverket som ein inkubator har. |
| |
|
| |
| Inkubator knyttet opp mot en stor industribedrift, ofte multinasjonale industriselskaper, eller samling av industribedrifter, også kalt morbedrift (MB) som ønsker knoppskyting eller utvikling av nye bedrifter rundt seg. I Kvinnherad er Noreq (www.noreq.no) tilknytta inkubatoren som morbedrift. |
| |
|
| |
|
|
|